Satsing på IKT som læremiddel 2015 - 2018

Vestlandsforsking deltek i prosjektet Satsing på IKT som læremiddel som sekretariat og medlem av arbeidsgruppa IT-forum OU som gjennomfører prosjektet. Hyllestad kommune er prosjekteigar på vegne av konsortiet.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt og er godt forankra i kommunane. Det vert gitt støtte til aktivitetsdelen og tiltak retta mot tilsette og elevar i barnehagar og skule.

Frå søknaden:

«It-forum oppvekst og utdanning er eit unikt tverrfagleg samarbeid på tvers av skuleslag (også i nasjonal samanheng). ITFOU består av ressurspersonar innan ikt frå alle regionråda, fylkeskommunen, fylkesmannen, høgskulen og vestlandsforsking. Arbeidsgruppa har tidlegare med hell stått bak og gjennomført eit stort digitalt fellesløft finansiert av fornyingsmidlar. Dette vart dokumentert gjennom ekstern prosjektevaluering gjennomført: 2 kvartal 2011: Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane.

Mandatet vårt er å vere pådrivar for digital danning, kunnskapsbygging, utvikling og dialog, innan oppvekst- og utdanning i fylket. Dei deltakande partane er regionråda, fylkesmannen, fylkeskommunen, Høgskulen og Vestlandsforsking.

Gjennom prosjektperioden vil ITFOU på oppdrag frå regionane legge til rette for og vere rådgjevande i følgjande aktivitetar:

  • Utviding og vidareutvikling av årleg konferanse med over 100 engasjerte deltakarar og ha barnehage og eige leiarspor.
  • Vere aktivt rådgjevande for IKT-strategival for oppvekst og utdanning i fylket.
  • Legge til rette for informasjon og kompetanse/påfyll gjennom heile året.
  • Fylkesdekkande forum for ikt-satsing der alle regionar og deltakande partar får fremma sine viktigaste saker.
  • Dialog på tvers av heile oppvekst-, opplærings- og utdanningssektoren.
  • Auka aktivitet i ulike relevante fora i fylket frå ITFOU.
  • Styrke ei unik rolle for deling, beste praksis og problemløysing på tvers av skuleslag gjennom openheit og informasjon om kva alle jobbar med.

Gjennom prosjektet vil ein oppnå følgjande gevinstar: - Pedagogen i sentrum for IKT i opplæringa - Styrking av delingskulturen i oppvekstsektoren - Auka kompetanse i bruk av IKT - verktøy - IKT som Supplement til læreboka (TPO) - Etikk og styrka eigenkontroll - Brukarvenleg teneste og innhald - Auka erfaringsutveksling (Høgskule/fylkeskommune/kommunar) - Samordning av ressursbruk - Pedagogisk bevisstgjering rundt IKT - bruk i oppvekstsektoren - Fagleg oppdatering/kompetanseheving »

Meir informasjon om arbeidsgruppa og prosjektet vil du finne på: www.it-forum.no

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6393
Prosjektleiar: