Rettleiar for kommunal tilrettelegging av klimarobust bustadbygging

Få kommunar er bevisst sin eigen posisjon som tilretteleggar for klimarobust bustadbygging, sjølv om dei gjennom ordinær forvaltning treffer avgjerder og set i verk tiltak med konsekvensar for klimasårbarheit i bustadsektoren. Auka kunnskap om desse samanhengane i kommuneorganisasjonane vil kunne føre til ein meir klimarobust bygningsmasse.  Dette ønskjer vi å bidra til ved å samle og tilrettelegge tilgjengeleg kunnskap på området i ein nettbasert rettleiar mynta på kommunesektoren.  Rettleiaren vil ha ei tematisk todeling ved å skilje mellom sårbarheita som er direkte utløyst av naturlege prosessar og den som kan skrivast til forhold i samfunnet.

Når det gjeld den tekniske utføringa vil Vestlandsforsking utforme spesifikasjon for brukargrensesnitt og interaksjon, medan Husbankens it-avdeling eller it-leverandør står for programmering i tråd med desse spesifikasjonane. Den ferdie rettleiaren vil bli drifta og vedlikehalde av Husbanken sjølv, og vil ligge på deira server.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Husbanken
Prosjektnummer:
6109
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg