Rådgjeving for etablering av ny informasjonsstruktur for offentlege elektroniske tenester

Prosjekt

Prosjektnr

6035

Tidsrom

28.02.2006 - 29.06.2006

Prosjektleiar

Oppdragsgjevar

Vestlandsforsking skal gje råd til norge.no i arbeidet med å gjera ferdig ny informasjonsstruktur for offentlege tenester. Offentleg tenestestruktur er eit førebels namn på det som tidlegare heitte LivsIT. Tilrådingane frå to arbeidsgrupper i 2005 skal følgjast opp og ein første versjon av systemet skal etter planen vera operativ innan utgangen av juni månad.

I løpet av prosjektperioden har systemet endra namn frå LivsIT til Los. Den første rapporten i prosjektet var ei tilråding til ny informasjonsstruktur og der vart Nye LivsIT brukt som namn. I ettertid er det offisielle namnet på systemet vorte endra til Los, og det er også brukt på den siste publikasjonen som er ei handbok i innføring av systemet.