IT-forum

Prosjekt

Prosjektnr

5142

Startdato

31.12.1996

Prosjektleiar

IT-forum er eit samarbeidsorgan for statlege etatar, fylkeskommunen, kommunane, næringsliv, utdannings- og forskingsmiljø i Sogn og Fjordane. Styringsgruppa iverkset, kontrollerer og godkjenner nye aktivitetar, og kan etablere faste eller tidsavgrensa arbeidsgrupper til å følgje opp nærare bestemte område.

Mandatet til IT-forum er: "IT-forum skal ta initiativ til, vere koordinator for og pådrivar for aktivitetar som fremjar rasjonell og utviklingsretta bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i Sogn og Fjordane. Målgruppa for IT-forum er både næringsliv og offentleg sektor, og gjennom dette også innbyggarane i fylket. Det skal særleg arbeidast for å styrke og utvikle samhandling og samordning mellom etatar, organisasjonar og bedrifter i Sogn og Fjordane."

Vestlandsforsking er sekretariat for IT-forum Sogn og Fjordane.