|
Vestlandsforsking |
|
Vestlandsforsking er eit oppdragsbasert forskingsinstitutt. Instituttet er organisert som stifting og vart etablert 13. mars 1985. Sogn og Fjordane fylkeskommune var formell stiftar. Instituttet er lokalisert i Sogndal i Campus Fosshaugane. Instituttet har ca.30 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 27,6 mill kroner (2010).
Regionalt kunnskapsknutepunkt
Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane utgjer eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar. Forskarar ved Høgskulen deltek òg i VF sine prosjekt.
Grunnleggande ide
Vestlandsforsking er eit internasjonalt forskingsinstitutt med regional forankring.
Vår visjon er kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.
Verdigrunnlag
Vestlandsforsking skal utføre kritisk og uavhengig forsking.
Openheit er ein føresetnad i vår kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.
Høg kvalitet skal kjennemerke alle delar av vår verksemd.
Mål
Vestlandsforsking skal levere kunnskapsbidrag av høg kvalitet som bidreg til auka innsikt, nytenking og utvikling både i politikkutforming, forvaltning og verdiskaping. VF skal delta i forskingsfronten nasjonalt og internasjonalt og vere ein aktiv aktør i utvikling på Vestlandet.
Finansiering
Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i VF. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til fagleg utvikling, prosjektutvikling og kvalitetssikring. Ved etableringa i 1985 gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kroner.
Organisering
Vestlandsforsking blir leia av styret samansett av sju medlemer. Sogn og Fjordane fylkeskommune vel fleirtalet av desse, medan Norges Forskningsråd vel eitt medlem. Den daglege leiinga av instituttet blir ivaretatt av direktøren. Forskingsområda er organiserte tematisk og leia av forskingsleiarar og administrative gruppeleiarar.
Kompetanse
Vestlandsforsking har kompetanse innan samfunnsfag, naturfag, teknologifag og humanistiske fag.
Kvalitetssikring
Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved eit eige internt system for kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.
