Forskingsområdet Endring og nyskaping er omfattande og femner om fleire fagdisiplinar. Her møtest både samfunnsfagleg forsking, miljøfagleg forsking og IT-forsking. Fleire av prosjekta er då også tverrfaglege.

IT er ei viktig drivkraft i endring og nyskaping både i næringslivet og offentleg forvaltning. I offentleg forvaltning går satsingane ofte under namnet e-forvaltning, medan det i næringslivet ofte er snakk om e-handel og bedriftsinterne og -eksterne prosessar.

For å handtere endring og nyskaping er det lokale og regionale innovasjonssystemet og bedriftene sine nettverk viktige; særleg å hente erfaring og løyse problem på tvers av bedrifter og organisasjonar. Kostnadene ved å utvikle nye produkt og tenester er store. Dersom ei verksemd ikkje får til slike samarbeid, kan resultatet bli at berre dei sterkaste klarer å halde tritt med utviklinga, medan dei andre vert forbigått.

Det er viktig å unngå at det oppstår digitale skilje mellom dei som har og dei som ikkje har tilgang til nødvendig teknologi. Særleg relevant er dette for bygging av infrastruktur som t.d. breibandtilgang. Utvikling av lokalt samarbeid har vist seg som ein god strategi for å sikre infrastruktur til alle. Då kan mindre aktørar dra nytte av krafta til dei større aktørane og alle partar vinn noko på samarbeidet.


Kontaktpersonar

Publikasjonar

Prosjekt