Forskingsområdet Brukarvennlege IT-system omfattar den delen av IT-forskinga som ligg nærmast det reint IT-faglege. Som namnet indikerer, er ligg det eit brukarorientert perspektiv på det meste vi arbeider med. Vi utviklar analyserer IT-system, utviklar kravspesifikasjonar, utviklar informasjonsstrukturar i lag med brukarane. Erfaringane frå dette arbeidet prøver vi å systematisera og destillera til nye kunnskapsbidrag for forskinga elles.
I den seinare tida har informasjonsstrukturar, informasjonssamanheng og beskrivelse av informasjon (metadata) i ein semantisk samanheng vorte stadig viktigare. Dette er ofte eit utgangspunkt for oss når vi går inn i problemstillingar som gjeld strukturering av informasjon og liknande.
Eksempel på prosjekt innafor forskingsområdet:
- analysar av brukargrensesnitt ved hjelp av tidlegare utvikla indikatorar
- utvikling av kravspesifikasjonar for portalar og andre nettbaserte system
- utvikling av kontrollerte vokabular (emneord) for betre semantisk samanheng i portalar
- analysar og utvikling av søkesystem, taksonomiar og ontologiar (gjennom semantiske støttesystem som t.d. emnekart)
