Her på Vestlandsforsking har me difor erfart at for å lukkast med spørjeundersøkingar trengs det få spørsmål, og motivasjon («tvang» eller «smøring», også kalla «prosjekt-deltaking» og «premie»).
Nye løysingar for å betre samle folk sine idear og meiningar er difor hjarteleg velkomne. Så når «Tastaturlaget» (bedriftsidrettslaget til Vestlandsforsking), skulle finne ut kva som kunne gjerast for å få forskarane meir i aktivitet, tok eg i bruk ein ny metode og programvare for å «dyrke idear». «All Our Ideas» er ein metode og programvare utvikla ved Princeton-universitetet i USA som let dei som svarar vere med på å bestemme kva dei svarar på, på ein open og enkel måte.
Eg spurde «kva er gode måtar å gjera VFarane meir fysisk aktive?» saman med nokre alternativ til å byrje med, og let andre tilsette stemme på dei og komme med eigne idear.
Resulatet vart at storparten av ideane/spørsmåla som var mest populære vart føreslegne av kollegaer (sjå illustrasjon under). Dei fem mest populære tiltaka vart:
- Arrangere flere felles turer sommer som vinter, vår som høst [86 poeng]
- Gjere garderobetilhøva betre [84 poeng]
- Betale medlemskap på idrettssenteret [82 poeng]
- Hver produsert artikkel krever en fysisk prestasjon [75 poeng]
- Fordele ansvar for å finne på morsomme treningsalternativer / Felles treningstid, ulike aktiviteter / Sette av arbeidstid til fysisk aktivitet [67 poeng alle saman]
For å teste systemet hadde eg laga to alternativ som eg rekna med ikkje ville vere populære, og dei vart då også rangert til slutt:
- Leggje ned tastaturlaget [7 poeng]
- Endre namnet på tastaturlaget [5 poeng]
All Our Ideas er fri programvare, du kan difor fritt ta det i bruk eller vere med å utvikle det, til dømes ved å bidra til nynorsk omsetjing.

