Kvalitetsvurdering av offentlege vevtenester – kva er det vi evaluerer?

Av:
Article
Id:
2003

Artikkelen rapporterer erfaringar frå eit prosjekt med evaluering av kvalitet på offentlege nettstader og drøftar ulike sider ved utforming av indikatorar og målemetodar for slike evalueringar.

Frå 2001 til i dag har meir enn 1 100 offentlege nettstader vorte evaluerte med utgangspunkt i indi-katorar utvikla av prosjektet. Artikkelen drøftar vidare kvalitetsomgrepet og om det i det heile kan definerast objektive kriterium for kvalitet på slike tenester. Eit viktig spørsmål som blir diskutert, er om ei kvalitetsmessig forbetring basert på dei gitte indikatorane, nødvendigvis inneber betre bru-kartenester. Vidare blir det stilt spørsmål ved samanhengen mellom kvalitet og nivå på tenester i høve den såkalla tenestetrappa. Prosjektet kan visa til gode resultat ut frå målsetjingane og det kan også påvisast klare kvalitetsmessige forbetringar av offentlege nettstader målt i høve til dei definer-te indikatorane.

Artikkelen konkluderer likevel med at indikatorar bør omfatta mange kriteria, og fleire enn dei som ligg til grunn for dagens målingar. Det er også nødvendig å komplettera dagens kvalitetsmålingar med andre typar undersøkingar; både for å gi eit betre bilete av totalkvaliteten på ein nettstad, men også som ledd i vidareutviklinga av indikatorar.

NOKOBIT 2003, Oslo