Workshop om lokalsamfunn og klimaendringar i Tromsø

Vestlandsforsking, CICERO og Nordlandsforsking arrangerte 29.-31 mai workshop i Tromsø med deltakarar frå Canada, Russland, Finland, Island og Norge der resultat frå fleire års forsking på sårbarheit og tilpassing til klimaendringar i lokalsamfunn i Arktis blei presentert.

Målet med workshopen var å identifisere fellesnemnarar på tvers av casestudiar over heile Arktis og faktorar som påverker sårbarheit og tilpassingskapasitet. Frå Vestlandsforsking deltok Halvor Dannevig, som har forska på tilpassing og sårbarheit av klimaendringar i Lofoten.  Dei fleste prosjekta som blei presentert var resultat frå prosjektet CAVIAR, der det norske bidraget blei finansiert over Forskningsrådet sitt program for det Internasjonale Polaråret 2007-2009.

På workshopen blei det også jobba med ein artikkel som samanfattar resultata som blei lagt fram og som etter planen skal publiserast i løpet av hausten 2013. Vidare blei forskarane enige om kva som er dei største forskingsutfordringane for samfunnsfagleg tilpasnings- og sårbarheitsforsking  i Arktis.