VF-forskar leiar sesjon på konferanse i Portland

Otto Andersen ved Vestlandsforsking skal leie ein sesjon på ein konferanse i Portland (USA) i juli. På konferansen legg han òg fram funn frå boka si om utilsikta følgjer av fornybar energi.

Konferansen SUSTECH 2014, der Andersen skal leie ein sesjon, spring ut av eit ingeniørmiljø ved Portland State University i delstaten Oregon. Arrangørane arbeider særleg med elektronikk og berekraftig teknologi.

Otto Andersen er utdanna biokjemikar og har ein doktorgrad i transport og industriell økologi. Dei siste 19 åra har han forska tverrfagleg på problemstillingar knytt til industri, helse og miljø. I 2013 gav forlaget Springer ut boka Unintended Consequences of Renewable Energy der han samanfattar kunnskap om negative følgjer av satsing på fornybar energi.

I sesjonen Andersen skal leie, kjem han til å gå gjennom dei viktigaste delane av boka. Eit særleg aktuelt tema er såkalla rebound effects. Omgrepet viser til at nye miljøproblem kan dukke opp når ein lanserer teknologi som i utgangspunktet skal vere miljøvenleg. I tillegg tek han opp aktuelle tema som har kome til etter bokutgjevinga, mellom anna livsløpsanalysar av elbilar (ein miljøanalyse av produktet sitt liv frå produksjon til destruksjon) og følgjer av å blande inn biodiesel i anna drivstoff.

Andersen skal presentere forskinga si på den same konferansen. Også her er den metodiske tilnærminga livsløpsanalysar, i dette tilfellet analysar av elektronikkprodukt. Det Andersen legg fram i juli skal seinare publiserast i eit tidsskrift utgitt av teknologiorganisasjonen IEEE.

Sesjonen Unintended Consequences of Renewable Energy