Vestlandsforsking søkjer trainee

Er du nyutdanna med masterutdanning? Har du maksimalt tre års arbeidserfaring? Har du vilje og pågangsmot? Då er Framtidsfylket Trainee noko for deg!

Framtidsfylket Trainee er eit fylkesdekkjande traineeprogram for nyutdanna med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Kva bedrifter som deltek varierer frå år til år.

I år er Vestlandsforsking med i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane: Framtidsfylket Trainee. Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.

Søknadsfrist 01.03.2016

Sjå utlysing på nettsida til Framtidsfylket:

Trainee Velferdsteknologi

Trainee - klima/miljø