Vestlandsforsking i ressursnettverk for e-forvaltning

Vestlandsforsking er ein av partnarane i eit nettverk for e-forvaltning som har fått støtte frå Norges forskingsråd gjennom programmet VERDIKT. Nettverket skal styrka det forskingsbaserte grunnlaget for e-forvaltning gjennom ulike tiltak.

Tiltaka er mellom anna
  • å definera nasjonale forskingsutfordringar innan e-forvaltning
  • initiera søknader innan e-forvaltning til VERDIKT-programmet
  • tilrettelegging av seminar og konferansar med temaet e-forvaltning
  • eiga informasjonsteneste på nettet
  • kartleggja viktige utviklingsprosjekt
  • skapa interesse for mastergrads- og doktorgradsoppgåver innan temaet
Avdeling for forvaltningsinformatikk ved Universitetet i Oslo står som koordinator for nettverket som i tillegg til Vestlandsforsking har deltakarar som Statskonsult, Høgskolen i Agder, SINTEF og Institutt for datateknikk og informasjonsteknologi ved NTNU.

Vestlandsforsking vil trekkja inn samarbeidet i IT-forum Sogn og Fjordane i det nye ressursnettverket og håpar på gjensidig nytte av det.

Forskar Svein Ølnes vil vera Vestlandsforsking sin representant i det nye nettverket.