Vestlandsforsking i forskingsfronten på klimasårbarheit

Vestlandsforsking er med i to av seks nye nasjonale klimaforskningsprosjekt som spesielt skal sjå på dei samfunnsmessige konsekvensane av klimaendringar. Det eine prosjektet ser på sivil beredskap og klimaendringar (CIVILCLIM). Her er Vestlandsforsking prosjektleiar.

Det andre prosjektet ser på kommunal miljøpolitikk og klimatilpassing (NORADAPT). Her er Senter for klimaforskning (CICERO) prosjektleiar, og Vestlandsforsking deltek saman med Metereologisk institutt. Begge prosjekta varer i fire år og medfører ein samla årleg forskningsinnsats på nærare to årsverk ved Vestlandsforsking.

 Sjå Forskningsrådet