Vestlandsforsking får oppdrag med ny strategi for Miside

Vestlandsforsking får i oppdrag å utarbeida innspel til strategi for vidareutvikling av Miside og Norge.no i samarbeid med firmaet Bouvet. Det er direktoratet for forvaltning og IKT, DIFI, som er oppdragsgjevar. Arbeidet er ein del av eit større strategiarbeid for Miside og Norge.no.

Oppdraget får dei i skarp konkurranse med dei fremste rådgjevingsfirma i landet. Mange firma leverte tilbod på arbeidet og Vestlandsforsking/Bouvet vart valde saman med Bekk Consulting as. Arbeidet skal vera ferdig før påske og skal gå inn i den endelege strategiplanen for Miside. Nokre av sakene som skal utgreiast i strategiarbeidet er:
  • Brukarperspektivet - ønskje om meir sjølvbetjening
  • Skreddarsydd og samordna informasjon
  • Brukarane sine kunnskapar om offentlege tenester som ein rett
  • Openheit og innsyn og Miside i eit demokratiperspektiv
  • Nye tenestetypar
  • Samordning av portalane www.norge.no og www.miside.no
Samarbeidet med Bouvet gjev ein samla kompetanse som dekkjer dei viktige områda for utgreiinga. Vestlandsforsking har arbeida med utvikling av Norge.no og Miside saman med Norge.no/DIFI og kjenner portalane godt. I tillegg har Vestlandsforsking med seg forskarperspektivet inn i arbeidet. Bouvet er eit av dei største uavhengige konsulentmiljøa i landet og dekkjer eit vidt kompetanseområde. Dei har særleg god kunnskap i semantisk støtta portalar i offentleg sektor gjennom spisskompetanse i emnekart (Topic Maps).

For meir informasjon, ta kontakt med Svein Ølnes, tlf. 917 39 918.