Vestlandsforsking får Nordic Centre of Excellence

""
Prisvinnarane - frå venstre: Hilde G. Corneliussen og Carol Dralega. Foto: Øyvind Heimset Larsen

Vestlandsforsking har kvalifisert seg til 5 års forsking på kvinner i forsking og innovasjon. - Kvinner som er utdanna innan teknologi eller har yrke som blir stadig meir prega av teknologi, vil stå sentralt, seier prosjektleiar Hilde G. Corneliussen.

Aktuelt

Nordisk ministerråd lyste i 2016 ut midlar til fem års fordjuping med status som såkalla «Nordic Centre of Excellence». Nyleg vart det klart at Vestlandsforsking, saman med internasjonale partnarar, fekk det eine av to tildelingar, og med det ei totalramme på 20 millionar norske kroner. Dermed kan forskarane sjå fram til langsiktig arbeid med  aktuelle problemstillingar knytt til likestilling, kjønn og karriere.

-Vi er både glade og stolte over å vere vertsskap for dette nordiske forskingssenteret saman med to universitet i Sverige og Finland, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Det er kun forskarar som er heilt i forskingsfronten av faget sitt som når opp i ein slik konkurranse. Forskarane skal blant anna studere korleis den nye arbeidsmarknaden med auka digitalisering og teknologisering verkar inn på kvinner si karriereutvikling, seier Lunde.

Hilde G. Corneliussen skal leie forskinga

- Det er utruleg kjekt og veldig spennande å få tildelt senterstatus, og med det få høve til å arbeide med dette temaet i fem år framover, seier Hilde G. Corneliussen, som skal leie Vestlandsforsking sin del av forskinga.

Når forskinga startar opp i 2017, vil Corneliussen samarbeide tett med Carol Azungi Dralega ved Vestlandsforsking. Begge er seniorar med lang erfaring på  forskingsfeltet dei skal fordjupe seg i.

- Fordi vi har så høg grad av likestilling mellom kjønna i Noreg, er det ikkje alle som er interesserte i forsking på likestilling. Her har vi jo fridom til å velje både utdanning og yrke, tenkjer nok mange. Men alt vi veit om kvinner i teknologi, tyder på at det vil gå alt for mange år før vi når ein balanse mellom kjønna, seier Corneliussen.

Tampere og Uppsala

Med i det nordiske senteret er også kjønnsforskarar frå universiteta i Tampere i Finland og Uppsala i Sverige, i tillegg til assosierte partnarar knytt til andre institusjonar.

- Det å etablere forskarnettverk er viktig, seier Dralega, og understrekar at forskinga inneber eit tett samarbeid med fleire forskarar i og utanfor Norge.

Nordisk paradoks

I dei nordiske landa, der likestillinga mellom kjønna er komen langt samanlikna med mange andre delar av verda, finst det likevel eit stort paradoks: Dess høgare opp i dei forskingsrelaterte yrkeshierarkia ein ser, dess færre kvinner finn ein. Skiljet finst på alle fagområde, men er særleg skarpt i teknologi og realfag, der færre kvinner startar på utdanningane, og der fleire kvinner enn menn forlet yrka dei utdanna seg til.

- Det er framleis mange utfordringar på dette området. Programmet vi får finansiering frå heiter også "Solving the Nordic Gender Paradox". Det er ei ambisiøs oppgåve me gir oss i kast med, seier Corneliussen.

Kvinner i akademia og næringsliv

Forskarane vil legge vekt på kvinner sine karrierar i teknologidrivne fagfelt, i både forsking og innovasjon og i ulike sektorar.

- Vi skal studere både tradisjonelle akademiske kontekstar for forsking og utdanning, og kvinner som driv med forsking og innovasjon i næringslivet. I tillegg er vi og interesserte i korleis tradisjonelle kvinnedominerte fagfelt og yrke vert påverka av teknologi, som i helsesektoren, der velferdsteknologi er på full fart inn, fortel Corneliussen.

Sogn og Fjordane som levande lab

Universitetet i Uppsala skal ha den overordna leiinga av det femårige prosjektet, medan forskarane ved Vestlandsforsking har ansvar for forskinga på kvinner sin plass innan innovasjon i distrikta.

- Vi tek sikte på å bruke Sogn og Fjordane som eit «levande laboratorium», ikkje minst fordi dette er eit fylke utanfor dei store kunnskaps- og forskingssentera ein finn i byar med større universitet. Det er interessant å sjå på kva slags støttestrukturar fylket har for kvinner som vil skape noko nytt, seier Dralega.

Lokale samarbeidspartar

Forskarane set stor pris på å ha med seg sentrale aktørar i regionen. IT-forum Sogn og Fjordane, Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane (USHT), Innovasjon Norge og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane står alle på lista over dei regionale aktørane som har uttrykt si støtte til prosjektet.

- Vi ser fram til å samarbeide med og lære frå desse aktørane dei neste fem åra. Vi håper sjølvsagt også at vi saman med desse støttespelarane kan gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke for likestilling i forsking og innovasjon, seier Corneliussen.

NordForsk

NordForsk er ein organisasjon under Nordisk Ministerråd som finansierer og legg til rette for nordisk samarbeid innan forsking og forskingsinfrastruktur. “The Nordic Senter of Excellence”: “Womens’s Careers in Technology-Driven Research and Innovation In and Outside Academe” er finanisert under programtittelen “Solving the gender paradox”. Les meir på Nordforsk sine nettsider.