Vestlandsforsking er med å lage landets første kommunale klima-ROS

Vestlandsforsking skal hjelpe Flora kommune å bli den første kommunen i landet til å lage ein lokal klima risiko og sårbarheitsanalyse (ROS). Arbeidet skjer i nært samarbeid med Fylkesmannen si beredskapsavdeling og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Prosjektet er finansiert av Flora kommune, DSB og Miljøverndepartementet.

I 2006 har Vestlandsforsking laga ein analyse av korleis klimaendringane påverkar Flora. I 2007 skal dette arbeidet munne ut i ei såkalla klima-ROS, som igjen skal nyttast som grunnlagsmateriale for neste rullering av kommuneplanen i Flora. Kommunen skal etablere ein lokal styringsgruppe for klima-ROS arbeidet med deltaking frå den lokale beredskapsorganisasjonen og sentraladministrasjonen.

Fredag 26. januar var det eit oppstartseminar i Flora med deltaking frå Vestlandsforsking, Flora kommune, DSB og Fylkesmannen si beredskapsavdeling.

Presentasjon av klimasårbarheitsanalyse for Flora kommune, ved Kyrre Groven, Vestlandsforsking

Innspel til prioritering av tema i arbeidet med ein lokal klima-ROS for Flora kommune , ved Carlo Aall, Vestlandsforsking

Forventingar til Flora kommune sitt arbeid med ein klima-ROS , ved Haavard Stensvand, Fylkesmannen si beredskapsavdeling, Sogn og Fjordane

Innslag NRK Sogn og Fjordane

Oppslag Adressa.no