Vestlandsforsking bidreg til NOU om klimatilpassing

Vestlandsforsking leverer i august det første av fleire faglege bidrag til eit offentleg utgreiingsarbeid om klimatilpassing. Flæte-utvalet skal innan 2010 leggje fram ein NOU om tilpassing til klimaendringar i Noreg.

Vestlandsforsking skal saman med Cicero og ECON Pöyry levere ei oversikt over resultat frå forsking på klimasårbarheit og konsekvensar av klimaendringar, med hovudvekt på norske forhold. Oppdragsgjevaren er eit offentleg utval leidd av Oddvar Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane. Det regjeringsoppnemnde Flæte-utvalet starta arbeidet sitt i 2009. Prosessen skal munne ut i ein NOU innan 1. november 2010.

Utvalet har bestilt ei overordna samanstilling av forskingsresultat  knytte til sårbarheit, tilpassingsbehov og -tiltak på tvers av sektorar og fagområde. Utgreiinga har særleg søkjelys på følgjene klimaendringane kan få for folk og samfunn.

Om utvalet

Lenkje til utvalet si nettside