Vestlandsforsking bidreg til doktorgradsutdanning i Nederland

I prosjektet "Sivil beredskap og klimasårbarheit" samarbeider Vestlandsforsking med Universitetet i Twente i Nederland. Som eit resultat av dette samarbeidet deltok forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking som førsteopponent på doktrogradsdisputasen til Maya van den Berg.

I avhandlinga inngikk ein artikkel sampublisert med forskarar frå Vestlandsforsking:

1.       Groven, K., Aall, C., van den Berg, M., Kanyama, A. C., Coenen, F. (2012): Civil protection and climate change adaptation. Comparing lessons learned from three coastal cities in Norway, Sweden and the Netherlands. Local Environment: The International Journal of Justice and Sustainability, 17:6-7, 679-694

Avhandlinga til van den Berg har tittelen "Policy making on an uncertain climate. Adaptation to climate change by local governments". Avhandlinga konkluderer med følgjande hovudpunkt når det gjeld nederlandske kommunar sitt arbeid med klimatilpassing:

1) Kommunar ser ikkje på tilpassing til klimaendringar som ei ny utfordring som gjer at dei prioriterer å utvikle eit eige nytt politikkområde. I den grad klimatilpassing er på dagsorden, blir dette underordna og integrert i andre politikkområde som arealplanlegging og vatn- og avløpshandtering.

2) Kommunane er ikkje enige internt om karakteren av klimautfordringane og korleis dei bør forholde seg til disse utfordringane.

3) Kommunane opplever ikkje at klimatilpassing er ei kommunal utfordring fordi dei opplever at konsekvensane av klimaendringar går på tvers av kommunegrensene og klimatilpassing vil medføre kostnader som overstig den økonomiske evna i kommunane. Difor etterlyser kommunane større statleg innsats på området, tilgang til statlege støtteordningar og klårare statlege styringssignal om kva som skal gjerast.

4) Kommunane har for dårlig kunnskap om mogelege lokale negative konsekvensar av klimaendringar, noko som medfører liten oppslutning lokalt om behovet for raske tiltak for å tilpasse lokalsamfunnet til forventa klimaendringar.

5)  Kommunar prioriterer klimatilpassing lågt fordi andre og meir presserande behov blir prioritert høgare, med mindre kommunane nyleg har opplevd store økonomiske skader eller tap av liv på grunn av ekstremværhendingar; då kjem klimatilpassing på dagsorden lokalt.

Det har så langt ikkje vorte gjennomført ein tilsvarande omfattande studie av norske kommunar sitt arbeid med klimatilpassing, men ut frå den kunnskapen ein har i Norge er det rimeleg å tru at ein kan trekke tilsvarande konklusjonar for norske forhold.