Verdsarv styrker medvitet om det unike!

I dag presenterar Vestlandsforsking saman med forskarnettverket for verdsarv i Norden sine forskingsresultat i Suomenlinna, Finland. Kristian Sveels frå Åbo Akademiet står for presentasjonen på vegne av forskarnettverket.

Representantar frå dei nordiske verdsarvstadene er i Finland for å utveksle erfaringar med  implementering av Verdsarvkonvensjonen. Forskarnettverket som Vestlandsforsking koordinerar viser korleis verdsarv i Norden skaper større medvit, kompetanse og kapasitet lokalt for å iverta verdsarvverdiane.

Foredraget finn du her: Local Involvement

Meir om konferansen