Varm mottaking for framtidsfylket.no

Portalen framtidsfylket.no fekk ei varm og positiv mottaking under lanseringa på IT-forum i Loen onsdag 26. september.

Stor begeistring - Vi er kjempenøgde med den varme mottakinga vi fekk på IT-forum, seier Geir Andre Helle, prosjektleiar for framtidsfylket.no. I dag la han og andre traineekollegaer frå fylket fram den splitter nye jobb- og rekrutteringsportalen framtidsfylket.no for 280 imponerte konferansedeltakarar i Loen. Fylkesmann Oddvar Flæte stod for den offisielle opninga, og vart takka for støtta med t-skjorte og reisetannbørste med framtidsfylket sin logo. Han understreka at utfordringa no er at portalen blir teken i bruk av jobbsøkarar så vel som arbeidsgjevarar, kommunar og bedrifter i fylket. Lokal eigarskap Næringslivet i regionane såg tidleg nytta i framtidsfylket.no. Portalen skal driftast av NHO Sogn og Fjordane, og fire representantar for regionane (Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn) fungerer frå no av som kontaktpunkt mellom arbeidslivet og portalen. - Sogn og Fjordane treng fleire innbyggjarar, og verksemdene i fylket treng eit mangfald av kompetanse. I så måte er framtidsfylket.no ein glimrande reiskap, seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst. - Vi gler oss til å ta portalen i bruk, seier ein entusiastisk Gro Rukan i Sunnfjord Næringsråd. itf07 034-2