Undersøking om bookingvanar

Det store Vestlandstreffet er namnet på reiselivskonferansen på Kviknes Hotel i Balestrand 16. - 18. september. Det er ei samanslåing av tre tidlegare konferansar og mellom opp mot 250 deltakarar var samla i år. Forskar Svein Ølnes presenterte resultat frå ei undersøking om bookingvanar og -preferansar.

Nytilsett direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, opna konferansen og slo eit slag for ei dugnadsbasert marknadsføring. Viss alle innbyggjarane i landet vårt marknadsfører landet vårt til ein eller fleire i utlandet, vil det ha enorm effekt. Ho trekte også fram booking som eit sentralt satsingsområde og at reiselivet må gjera produkt og tenester meir bookbare.

Vestlandsforsking gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking om bookingvanar og -preferansar blant tilfeldig uttrekte personar over 18 år i Tyskland, Frankrike, Storbritannia, USA. I tillegg intervjua vi 21 lokale reiselivsbedrifter om deira erfaringar med den globale bookingtenesta Booking.com