To nye internasjonale forskingsprosjekt til Vestlandsforsking

Førre veke vart dei første prosjekta i Interreg VB (EU sitt territorielle samarbeid) Nordlig Periferi og Arktis klare. Vestlandsforsking er deltakar i to av dei 13 prosjekta som vart godkjente.

Interreg er EUs program for å fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid. Programmet vart etablert i 1990 for å styrke samarbeidet mellom naboregionar som var delt av nasjonale grenser innanfor og på grensa av EU. Norge har deltatt i Interreg-samarbeidet sidan 1996. Interreg V startar opp no i 2015 og går fram til og med 2020. Vestlandsforsking har delteke i fleire Interreg-prosjekt tidlegare.

Eit av dei nye prosjekta omhandlar innovasjon i offentleg sektor. Ein skal studere dette i seks ulike regionar i Irland, Storbritannia, Island, Sverige, Finland og Norge. Vestlandsforsking skal studere innovasjon i samband med velferdsteknologi og e-helse i Sogn og Fjordane, i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og IT-forum. Forskingsprosjektet gir utveksling av kunnskap over landegrenser, og skal gi nyttig ny kunnskap for å auke innovasjonstakta i offentleg sektor.

I det andre prosjektet skal moglegheitene for å utvikle ei yacht-rute  frå Irland til Norge studerast. Internasjonale partnarar i dette prosjektet er frå Irland, Skottland, England, Færøyene og Norge.

Totalt blei det fordelt 13,4 millionar euro i den første Interreg V utlysinga, noko som utgjer ein knapp fjerdedel av programmet sitt budsjett for perioden 2014 – 2020.

Sjå og: Interreg - nyheter