Tilpassing til endra klima eller til meir usikkerheit?

Den 24. oktober arrangerte Vestlandsforsking i samarbeid med Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen eit seminar om usikkerheit og klimatilpassing. På seminaret deltok forskarar frå ulike fagområde og representantar for nasjonal, regional og lokal forvaltning.

Formålet med seminaret var å lage eit tverrfagleg nettverk rundt temaet usikkerheit og klimatilpassing, der både naturfaglege og samfunnsfaglege tilnærminger til diskusjonen har sin naturlege plass. Ein av konklusjonane frå seminaret er at det er behov for meir forsking som kan sjå nærare på spørsmålet om korleis samfunnet kan tilpasse seg klimaendringer med utgangspunkt i   dagens usikkerheit.

Til grunn for seminaret blei det laga eit kortfatta problemnotat.

For meir informasjon om seminaret sjå invitasjon og deltakerliste.  Dei ulike presentasjonane kan du laste ned her Program