Stjernelag skal forske på havforsuring i kystsona

Vestlandsforsking har samla leiande forskarar frå fleire fag for å få fram ny kunnskap om korleis vi kan handtere havforsuring, klimaendringane sin mindre kjende «tvilling».

Dei kystnære havområda er under press på grunn av både klimaendringar og havforsuring. Årsaka til desse trugsmåla er den same – høge utslepp av CO2.

- Konsekvensane kan bli alvorlege, for dei grunnleggande vilkåra for liv i havet er i ferd med å endre seg.  At kystsona er sårbar frå før på grunn av menneskeleg aktivitet, kan gjere vondt verre, seier Halvor Dannevig.

Eit stjernelag

Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking skal i samarbeid med Grete Hovelsrud fra Nord universitet og Richard Bellerby fra Norsk institutt for vannforskning (NIVA) leie arbeidet i forskingsprosjektet, som har fått kortnamnet AcidCoast. Dannevig ser fram til at Vestlandsforsking sitt etablerte fagmiljø innan klimatilpassing no skal samarbeide med fleire leiande forskarar. I tillegg til forskarar frå NIVA og Nord universitet, deltek Nordlandsforsking, Scottish Association for Marine Science (SAMS) og Norsk Kystklimasenter i Lofoten i prosjektet. Prosjektet har eit budsjett på 7,8 millionar kroner og er finansiert av Forskingsrådet gjennom ei felles utlysning frå fem ulike forskingsprogram.

- For å forstå dette temaet krevst det samarbeid mellom ekspertar på ulike område. Vi har sett saman eit lag der enkelte er blant dei aller fremste på sitt felt. Vi har mellom anna med ein verdsleiande ekspert på havforsuring, seier Dannevig.

Veit lite om konsekvensar

Forskarane sitt mål er å finne ut korleis kystsoneforvaltninga kan bidra til å redusere dei negative konsekvensane av havforsuringa – konsekvensar vi framleis veit svært lite om.

- Det finst svært lite kunnskap om havforsuringsprosessane i kystnære havområde, og endå mindre kunnskap om konsekvensane for livet i havet. Førebels veit vi heller ikkje så mykje om korleis havforsuringa vil påverke resten av samfunnet, seier Dannevig. Han reknar difor prosjektet som viktig for mange sektorar.

- I kystsona ligg framtida for ei berekraftig økonomisk utvikling for Norge, så god forvaltning er heilt nødvendig, seier Dannevig.

Hardanger og Lofoten

Professor Richard Bellerby, ein av verdas leiande forskarar på havforsuring, skal saman med kollegaer ved NIVA måle graden av forsuring i to område – eitt i Hardanger og eitt i  Lofoten. Vidare skal dei modellere effekten av forsuringa på dei marine økosystema. Samtidig er det viktig at kunnskapen òg blir tilpassa forvaltninga sine behov. Professor Grete K. Hovelsrud ved NU, som er bidragsytar til FNs klimapanel sin siste hovudrapport og med lang erfaring innan forsking på klimatilpassing til endringar i samfunn og miljø, har i mange år samarbeidd med Halvor Dannevig og forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking om kunnskap i skjeringspunktet mellom klimaforsking til forvaltning. Desse erfaringane tek dei med seg inn i prosjektet.

Nye forvaltningsmodellar

AcidCoast har som mål å gjere tilpassing til havforsuring til eit handgripeleg forvaltningstema. For å oppnå dette, vil forskarane i prosjektet samarbeide tett med aktørar som er involverte i kystsoneforvaltninga. Gjennom samarbeid med skotske havforskarar vil forskarane hente inn erfaringar frå den skotske kystsoneforvaltninga og samanlikne dei med måten vi handterer desse utfordringane på i Norge. Forskarane frå Vestlandsforsking, Nord universitet og Nordlandsforsking skal òg, i samarbeid med forvaltninga, utvikle forslag til nye forvaltningsmodellar. Dei tilpassa modellane skal gjere at kystforvaltninga kan respondere raskare på havforsuring og andre endringar som er undervegs i kystsona.