Seminar: Korleis kan vintersportdestinasjonar førebu seg på klimaendringane?

""

Vestlandsforsking har fått utarbeidd framskrivingar for naturlege snøforhold og vilkår for kunstsnøproduksjon ved dei fleste norske alpinanlegg for åra 2030, 2050 og 2080.

Seminar

Desse har vore drøfta med representantar for eit utval skianlegg og destinasjonsselskap, kor vi har fått innspel til justeringar og diskutert aktuelle strategiar for tilpassing til varmare vintrar.

I samband med Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar, inviterer Vestlandsforsking til seminar der vi ønskjer å ta denne diskusjonen vidare, i tillegg til å presentere justerte framskrivingar. Desse vil bli presentert av Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck.

Stad: Quality Hotel, Sogndal

Tid: 22.februar, 12-15.30

Program

Påmelding innan 10. februar til img@vestforsk.no