Samspel – eller mangel på samspel – om berekraftig reiseliv?

Ein nyleg avslutta analyse av ei rad lokale reiselivssatsingar viser at det er svært ulike oppfatningar innan og mellom staten, fylke og kommunar om berekraftig reiseliv. Skilnadane er så store at det ofte blir vanskeleg å trekkje i same retning. "Den delen av berekraftarbeidet som då vert skadelidande er omsynet til dei globale miljøproblema - og då særleg korleis reiselivet kan redusere utsleppa av klimagassar" seier prosjektleiar Carlo Aall.

Vestlandsforsking har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune analysert korleis målet om eit berekraftig reiseliv blir tatt omsyn til i ei rad lokale reiselivssatsingar: Planar om bygging av ny cruisebåtkai i Olden og i Aurland, utbygging av hyttefelt i Stryn, oppretting av Mørkridsdalen nasjonalpark i Luster, utprøving av ei nasjonal sertifiseringsordning for berekraftige destinasjonar i Lærdal, Vega, Trysil og Røros, og satsing på vandrarturisme i Nordfjord og i Sogn. Det treårige prosjektet med tittelen «Samspel for berekraftig utvikling» er finansiert av fylkeskommunen og Regionalt forskingsfond Vestlandet, og vart nyleg avslutta.

Analysen peikar på to område der fråveret av klare statlege krav om å ta klimaomsyn i reiselivssamanheng er særleg tydeleg:

  • Ved lokalisering og utforming av hyttefeltutbygging stiller ikkje staten same plankrav om energibruk eller utslepp av klimagassar som ved arealplanlegging av bustader, offentlege bygg og handelsbygg – trass  i at hyttefeltutbygging har auka dei siste åra og energibruken i hytter og biltransport knytt til bruk av hytter aukar.
  • Utslepp av klimagassar frå cruiseskip er ikkje omfatta av noko form for internasjonal eller nasjonal lovregulering, og den nasjonale reiselivspolitikken har ingen klar politikk på klimaområdet – trass i at dette er ei turistform som aukar mykje og der utsleppa av klimagassar er spesielt store.

Analysen viser også at kommunane har få verkemiddel til å styrke den lokale verdiskapinga i reiselivet. Forskar Eivind Brendehaug utdjupar dette poenget: ‘Særleg våre analysar av hyttefeltutbygging og cruisekaiutbygging illustrerer at det er ein tendens til å tenkje at auka omsetnad – t.d. i form av auka tal hytter eller auka tal cruiseturistar – nærast automatisk fører til auka lokal verdiskaping. Men det er ikkje alltid tilfelle; verdiane kan gå gjennom, like mye som inn i, lokalsamfunnet’. Analysen konkluderer difor med at det er behov for meir kunnskap om kva type krav som kan fremje lokal verdiskaping, kva for krav som kan takast inn i planverket og korleis dette kan gjerast.

Leiar av styringsgruppa for prosjektet og landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Christian Rekkedal, trekkjer fram fleire konkrete tiltak for å styrke den økologiske berekrafta i norsk reiselivsutvikling:

  • Satse meir på kortreiste turistar frå Skandinavia og resten av Europa.
  • Leggje større vekt på å styrke den lokale verdiskapinga gjennom satsing på til dømes lokal mat, drikke og opplevingar, til fordel for einsidig a fokusere på det å auke tal turistar.
  • Utvikle miljøvenlege alternativ til ei fly- og cruisebasert reiselivssatsing.
  • Vere villige til å stille like strenge miljøkrav til reiselivsnæringa som anna næringsaktivitet.

I vår legg regjeringa fram ei ny Stortingsmelding om reiseliv. ‘Det vil bli interessant å sjå om meldinga tek opp i seg nokre av dei problemstillingane og framlegg til løysingar som er løfta fram i vårt prosjekt’ seier Carlo Aall.

For meir informasjon kontakt:

Prosjektleiar Carlo Aall, 991 27 222

Forskar Eivind Brendehaug, 951 91 752

Leiar av styringsgruppa og landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Christian Rekkedal 57 64 30 68