Samhandlingsreforma har gitt heimetenestene ein meir krevjande kvardag

Dei tilsette i dei kommunale heimetenestene har fått ein meir krevjande kvardag etter innføringa av Samhandlingsreforma, og behovet for kompetanseheving er stort. Dette kjem fram i ein studie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Samhandlingsreforma har mellom anna hatt som mål at eldre skal få kome raskare heim til kommunen sin når den nødvendige behandlinga ved sjukehus er avslutta. I ein ny studie har Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking sett heimetenestene sin nye kvardag under lupa. Funna viser sider ved den nye kvardagen som er problematiske for tilsette, pasientar og pårørande:

  • Heimetenestene har fått ein meir krevjande kvardag, og dei tilsette treng kompetanseheving
  • Nesten halvparten av dei spurde i heimetenestene meiner sjukehusa skriv ut eldre for tidleg
  • Kommunane treng betre rutinar for pasienttransport
  • Poliklinikkane og heimetenestene snakkar for dårleg i lag
  • Pårørande må bidra mykje

Meir krevjande kvardag – behov for kompetanseheving

Nesten sytti prosent av dei tilsette i heimetenestene seier arbeidsoppgåvene deira er blitt vanskelegare etter innføringa av Samhandlingsreforma. Dette heng saman med at mange pasientar kjem tidlegare heim til kommunen sin etter å ha vore på sjukehus. Dermed må sjukepleiarar og hjelpepleiarar i kommunen ta seg av sjukare menneske og meistre eit større spekter av oppgåver. Nesten tre av fire spurde seier at dei no utfører oppgåver som tidlegare blei gjort av spesialisthelsetenesta.

- Det kjem fram at dei tilsette har behov for meir opplæring og meir kunnskap, seier Siri Ytrehus, prosjektleiar og professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Berre i underkant av ein av ti svarar at dei «i svært stor grad» eller «i stor grad» kan tilpasse kompetansen sin til eldre sine behov. 40 prosent seier at det til ei viss grad let seg gjere, medan over halvparten meiner at dei ikkje kan tilpasse kompetansen sin til eldre sine behov, seier høgskulelektor Karianne Røssummoen Øyen.

For tidleg heim

Nesten halvparten av dei spurde i heimetenestene meiner sjukehusa skriv ut eldre for tidleg etter innleggingar. Kommunane er nøydde til å ta imot alle desse pasientane, ofte på kort varsel. Særleg på ettermiddagstid og i helger kan heimetenesta ha for få folk på jobb. I visse situasjonar kan dei òg mangle tilsette med rett kompetanse.

I distriktskommunar utan apotek er det ei utfordring for heimetenestene å sikre seg at pasientar som kjem heim har medisinar og reseptar med seg og at medisinar som manglar er å få tak i. Ved heimsending opplever mange òg at utvekslinga av informasjon mellom sjukehus og heimeteneste er for dårleg. Ofte er det vanskeleg for heimetenestene å få tak i kontaktpersonar på sjukehuset som kan utdjupe pasienten sine behov.

Treng betre rutinar for pasienttransport

Heimetenestene opplever framleis at det er utfordringar knytt til pasienttransport mellom sjukehus og heimkommune. Eldre pasientar opplever ofte flytting som ei stor belastning, og forskarane tilrår at sjukehusa i større grad bør snakke med dei eldre eller pårørande om når og korleis heimreisa skal skje. Slik kan ein dempe uro og finne fram til den mest skånsame reisemåten.

- Når pasientar skal flyttast mellom institusjonar og tenester, er det viktig at ein nyttar sjekklister og risikovurderingar som sikrar at flyttinga skjer på ein god og trygg måte. Slike rutinar blir ikkje nytta nok, og vi trur kommunane manglar faste rutinar på dette området, seier høgskulelektor Karianne Røssummoen Øyen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Poliklinikkar og heimetenester snakkar dårleg i lag

Samhandlinga mellom poliklinikkar og heimetenesta skil seg særleg negativt ut i studien. Problemet gjeld å få ut informasjon etter at eldre har vore på poliklinikken. Nesten halvparten av dei spurde i heimetenestene svarar at dei ikkje får den informasjonen dei treng herifrå. Berre 13 prosent av dei spurde er nøgde med informasjonsflyten frå poliklinikkane.

Slik dette fungerer i dag, er det ein føresetnad for god utveksling av informasjon at pårørande blir med eldre på slike besøk ved sjukehuset. Denne problemstillinga er det få som har omtalt i helseforskinga til no.

Pårørande må bidra mykje

Dei tilsette i heimetenestene meiner pårørande har ei svært stor omsorgsbelastning. I mange tilfelle er heimetenesta heilt avhengig av at pårørande bidreg.

- Ei vesentleg gruppe tilsette i heimetenestene meiner avlasting og andre tiltak retta mot pårørande ofte blir sett i verk for seint, seier Karianne Røssummoen Øyen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Slik vi ser det, må helsetenesta vidareutvikle og systematisere tiltak som kan avlaste pårørande som har ei stor omsorgsbyrde, seier forskar Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking. Forskarane tilrår òg at tilsette i heimetenestene får meir opplæring i pårørandearbeid.

Forskarane sine kjelder
I tillegg til å intervjue tilsette i heimetenesta i fleire kommunar, har forskarane intervjua pårørande til eldre pasientar som har vore på sjukehus. Dei har også nytta spørjeskjema til heimetenesta i heile fylket for å danne seg eit større bilete av korleis reforma fungerer i kommunane.

Kontakt
Høgskulelektor Karianne Røssummoen Øyen (HiSF): 97028852, Karianne.Rossummoen.Oyen@hisf.no

Forskar Hilde G. Corneliussen (Vestlandsforsking): 479 00 814, hgc@vestforsk.no

Prosjektleiar og professor Siri Ytrehus (Høgskulen i Sogn og Fjordane): 22 96 37 24 eller 482 54 522, siri.ytrehus@diakonhjemmet.no

Rapport
Heile rapporten kan du laste ned her: Hvordan har hjemmetjenestene i Sogn og Fjordane tilpasset seg samhandlingsreformen?