Resultat frå prosjektet «Energi- og miljøsparande tiltak Lerum Frakt» publisert

Morten Simonsen og Hans Jakob Walnum har fått publisert artikkelen «Does driving behavior matter? An analysis of fuel consumption data from heavy-duty trucks» i tidsskriftet «Transportation Research part D: Transport and environment». Tidsskriftet er rekna som eit såkalla nivå 2 tidsskrift, det vil seie at det er blant dei beste tidsskrifta internasjonalt innan miljø og transportområdet.

Artikkelen tek føre seg resultat frå prosjektet «Energi og Miljøsparande tiltak Lerum Frakt». Målet med prosjektet var å ha ei systematisk tilnærming og kartlegge alle effektane som har innverknad på drivstofforbruket til selskapet slik at det  kunne redusere energibruken sin. Tidlegare erfaringar syner at nokre transportselskap har på plass eit flåtestyringssystem for å registrere drivstofforbruk, men at slike data  ofte ikkje er  systematisk analysert.  Halve prosjektet var finansiert av Lerum Frakt og Lerum Konsernet, medan resten av finansieringa kom frå Transnova.

Sjåførar og fraktansvarlege i Lerum Frakt spela ei heilt avgjerande rolle i prosjektet. Gjennom prosjektperioden var det fleire møte mellom sjåførane og forskarane der foreløpige resultat blei presenterte. Denne tette dialogen bidrog til å identifisere feil i målingar og re-installere målingsutstyr i ein tidleg fase av prosjektet. I tillegg  kom sjåførane med innspel til kva som burde inkluderast i analysane. Sjåførane gav og sitt samtykke til at data kunne samlast inn og analyserast, noko som førte til at forskarane sat att med eit unikt datamateriale i  internasjonal samanheng. Lastebilane til Lerum Frakt blei utstyrte med flåtestyringsystemet  Dynafleet som systematisk logga informasjon om drivstofforbruk og posisjonering.

Ingen forskingsprosjekt har teke føre seg øko-køyring på Vestlandsvegar med mange fjellovergangar. Kva har svingete vegar,  høge fjell og krevjande terreng å seie for  køyreåtferd? Korleis kan  sjåførane påverke køyrestil og drivstofforbruk  med dei vegane vi har på Vestlandet? Kor mykje mindre er forbruket på Austlandet i flatare terreng med betre vegar? Dette har vi undersøkt for Lerum.

Variablane i analysane blei delt inn i fire kategoriar: infrastruktur, køyrestil , eigenskapar ved bilen samt  ei rekke kontrollvariablar som tidspunktet på året, last på bilen og kva rute som vart køyrt. Dei viktigaste funna er:

  • Variablar som hovudsakleg er knytte til infrastrukturen har størst innverknad på forbruket av drivstoff. Desse tilhøva har omlag 10 -12 gonger større effekt på forbruket enn sjåførane si åtferd. Betre vegar gjev difor mindre forbruk og dermed lågare utslepp.
  • Sjåføråtferd kan likevel påverke forbruket. Utrulling  reduserer forbruket mest, det inneber  å la køyretøyet trille utan å bruke gasspedal. Dernest kjem mindre tomgangskøyring.
  • Når ein kjøper lastebil bør ein ta omsyn til kor stor bil ein eigentleg har bruk for. Dieselforbruket går ned med ein halv liter  om ein brukar ein lastebil som har 500 hestekrefter samanlikna med ein som har 700 hestekrefter. Spørsmålet er såleis kor mykje ein treng av dei siste 200 hestekreftene.

Prosjektet viser  at ein kan oppnå gunstige effektar ved å knyte lokale forskingsmiljø med næringsaktørar i Sogn og Fjordane. Prosjektet bidrog til å rette merksemd mot korleis køyrestil kan påverke forbruk og dermed kostnader for transportselskap i distrikta.  Det kan gje ein gevinst som bidreg til  å styrke konkurransekrafta og miljøprofilen til selskap, samtidig som ein kan lukkast med å få interesse for forskinga på høgt internasjonalt nivå.