Sogn og Fjordane vertskap for heile landet

VRI Sogn og Fjordane er vertskap når Forskingsrådet inviterer til samling for VRI sine samhandlingsprosjekt over heile landet.

VRI står for verkemiddel for regional innovasjon. VRI er Forskingsrådets særlege satsing på innovasjon gjennom samhandling og er eit program som skal stimulere næringslivet til meir bruk av forsking og utvikling (FoU). Enkelt sagt skal VRI-programmet kople næringsliv med forskingsmiljø for å auke potensialet for verdiskaping.

Når 15 prosjektleiarar frå VRI-samhandlingsprosjekta, fire i Forskingsrådet og tre følgjeforskarar og lokale aktørar samlast i Sogndal denne veka, vonar vi at dei får ei lærerik, engasjerande og flott oppleving i fjordfylket. Seminaret går føre seg på Quality Hotel Sogndal 16.-17. september 2015. Sjå program.

VRI Sogn og Fjordane, som vert leia av Vestlandsforsking, har som overordna mål å stimulere til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Les meir om det her: http://www.vestforsk.no/prosjekt/samhandling-for-auka-innovasjon-og-verdiskaping-i-sogn-og-fjordane-vri-2014-2016