Program 30-årsjubileum

Vestlandsforsking sitt 30-årsjubileum vert markert med eit jubileumsseminar 21. september. Vi samlar samarbeidspartnarar, beslutningstakarar, forskarar og andre med interesse for forsking. På seminaret vil vi ha innleiarar frå Kunnskapsdepartementet, Norges Forskingsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og forskarar ved instituttet vil formidle frå forskinga si.

Vestlandsforsking, etablert i 1985 som ei stifting av Sogn og Fjordane fylkeskommune, er eit samfunnsfagleg forskingsinstitutt. Vi gjennomfører tverrfaglig forsking innan områda klima og miljø, IKT, innovasjon og reiseliv for å møte viktige samfunnsutfordringar og bidra til innovasjon og berekraftig utvikling.

Gjennom 30 år med forsking i Sogn og Fjordane har instituttet gitt viktige bidrag til utvikling av fylket og landet forøvrig. Vi ønskjer å syne fram noko av forskinga som går føre seg på instituttet.

30-årsjubileet vil bli feira måndag 21. september frå klokka 10:00 til 16:00 ved Quality hotel i Sogndal. Påmelding til Anne Lise Uglum Skaar (als@vestforsk.no) innan 10. september.

Førebels program:

Kl. 10.00 – 10.30 Kaffe og mingling

Kl. 10.30 – 12.00 Velkommen og eksterne innleiarar

  • Velkommen ved styreleiar i Vestlandsforsking Trude Brosvik
  • Helsing til jubilanten frå stiftaren Sogn og Fjordane fylkskommune ved fylkesvaraordførar Jenny Følling
  • Regjeringa sine viktigaste prosjekt for forsking - Kva betyr dei for instituttsektoren? ved seniorrådgjevar Gørill Kristiansen, Kunnskapsdepartementet
  • Forventningar til 30-åringen Vestlandsforsking ved avdelingsdirektør Christen Krogh, Forskingsrådet

 

    Kl. 12.00 – 13.00 Lunsj med helsingar til 30-årsjubilanten

    Kl. 13.00 – 14.15 Forskarar ved Vestlandsforsking presenterer frå forskinga si

    • 30 år med nyttig miljøforsking, forskingsleiar for klima og miljø Carlo Aall
    • Klimasamarbeid mellom Høgskulen og Vestlandsforsing, førstelektor Eli Heiberg (HISF)
    • Verda, Norge og Vestlandsforsking, forskingsleiar for IT Ivar Petter Grøtte og forskar Svein Ølnes

     

    Kl. 14.15 – 15.15 Forskingstorg
    Forskarane ved Vestlandsforsking presenterer frå forskinga si. Både høgdepunkt frå 30 år med forsking, og prosjekt som pågår. Døme: Internasjonale forskingsprosjekt, reiseliv, livsløpsanalyser, innovasjon, IT, e-helse, velferdsteknologi, breiband, big data og Bitcoin.

    Kl. 15.15 – 16.00 Avslutning
    Helsingar til jubilanten
    Oppsummering av dagen ved stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete og fotballpresident Yngve Hallén.

    Vel heim!

    Programmet vil bli fortløpande oppdatert. Kontakt Anne Lise Uglum Skaar (als@vestforsk.no) om de har spørsmål.

    Sogn Avis har hatt fleire artiklar om Vestlandsforsking i samband med jubileet - meir her