Nytt politikkomgrep i den internasjonale reiselivsdebatten

Forskarane Carlo Aall, Ingrid Sælensminde og Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking i samarbeid med Rachel Dodds ved Ryerson University i Canada har publisert ein artikkel i det velrenomerte tidsskriftet "Journal of Sustainable Tourism" der dei introduserer omgrepet "policyintegrering" i den internasjonale debatten om berekraftig reiseliv.

"Policyintegrering" vil seie at eit overordna organ, t.d. Næringsdepartementet, utformar krav om at andre departement og kommunar og fylkeskommunar skal oppfylle gitte mål (t.d. målet om eit berekraftig reiseliv). I artikkelen nyttar forfattarane eksempel frå Norge og Sogn og Fjordane til å drøfte kritiske faktorar for at målet om eit berekraftig reiseliv skal bli integrert i og fulgt opp av ulike sektorar i samfunnet. Artikkelen konkluderer med at fråveret av eit nasjonalt organ som set berekraftmålet på dagsorden med tilstrekkeleg styrke, truleg er den største hindringa for å nå målet om eit berekraftig reiseliv.