Ny doktorgrad om klimatilpassing

Klimaendringane blir stadig meir merkbare og vil krevje at vi tilpassar samfunnet vårt stadig meir. Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking, som disputerer for doktorgrad i Sogndal 20. november, forklarar vilkåra for at klimatilpassing blei eit forvaltnings- og politikkområde på lokalt og regionalt nivå i Noreg.

Halvor Dannevig har forska på klimatilpassing dei siste sju åra. Han kom til Vestlandsforsking i 2011 frå CICERO Senter for klimaforsking. Dannevig har ein master i samfunnsgeografi frå Universitetet i Bergen og har gjort fleire feltarbeid i Himalaya og i Arktis.

Eit lokalt problem
Klimaendringane råkar lokalt og difor må tilpassinga til klimaendringane også skje lokalt. Dette gir kommunane ei sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing. Også fiskeri og landbruk blir påverka av at havet er varmare, vêret våtare og villare og vekstsesongen lengre. Samtidig er uvissa stor når det gjeld følgjene på lokalt nivå. Det er store utfordringar knytt til å omsetje kunnskap frå framskrivingar av framtidas klima til  konkrete politiske avgjerder.

Tre sider ved politikken
Dannevig si avhandling tek for seg tre sider ved klimatilpassingspolitikken. For det første ser han på kvifor aktørar innan fiskeri, landbruk og kommunal planlegging har så ulike syn på kor vesentleg klimatilpassingsproblemet er og korleis kulturelle verdiar og kunnskapssyn spelar inn i synet deira. Ei anna viktig side ved tilpassingspolitikken er kva for føresetnader og mekanismar som gjer at klimatilpassing hamnar på dagsorden og blir implementert i den kommunale planlegginga. Til slutt ser Dannevig på dei regionale forvaltningsaktørane si rolle i å rettleie og ”omsetje” kunnskap for klimatilpassing overfor kommunane.

Eldsjeler set dagsorden
Avhandlinga syner at klimaendringane ikkje utan vidare blir sett på som eit vesentleg problem som krev handling, verken i primærnæringane eller innan kommunal planlegging. For at klimatilpassing skal hamne på dagsorden og bli implementert i planlegging og forvaltning krevst det ”eldsjeler” som gir temaet lokal legitimitet. Avhandlinga hentar innsikter frå statsvitskap, kulturteori og kunnskapssosiologi for å analysere resultata og utvikle nye teoretiske perspektiv som forklarar framveksten av klimatilpassing som eit lokalt og regionalt forvaltningstema.

Rettleiarar og kommisjon
Dannevig sin hovudrettleiar er førsteamanuensis Matthew Cashmore ved Aalborgs Universitet. Han har hatt to birettleiarar: professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking og professor Grete K. Hovelsrud ved Universitetet i Nordland. Kommisjonen som vurderer Dannevig si avhandling og spør han ut under disputasen, består av førsteamanuensis Anne Merrild Hansen ved Aalborgs Universitet, professor Katarina Eckerberg ved Universitetet i Umeå og professor Knut Holtan Sørensen ved NTNU.

Disputasen vil finne stad fredag 20. november kl. 12:00 i auditoriet ”Josten” i 1. etasje på Høgskulebygget i Sogndal. Alle er velkomne til å delta.

Her kan du fylgja disputasen direkte: https://www.youtube.com/watch?v=G9eZ44tiYa0

Innhald i avhandlinga
Avhandlinga omfattar fire artiklar som tek for seg ulike aspekt ved klimatilpassingsspørsmåla. I tillegg inneheld avhandlinga ein gjennomgang av dei teoretiske perspektiva som er brukte i artiklane og ei vitskapsteoretisk og metodologisk overbygning og eit kapittel som samanfattar dei teoretiske bidraga frå artiklane.

Artikkel 1: Halvor Dannevig and Grete Hovelsrud. Understanding the need for adaptation in a natural resource dependent community in Northern Norway: Issue
salience, knowledge and values. Akseptert av Climatic Change, DOI: 10.1007/s10584-015-1557-1

Artikkel 2: Halvor Dannevig, Grete Hovelsrud and Idun A. Husabø.
Driving the agenda for climate change adaptation in Norwegian municipalities. Environment and Planning C, 31, 2013, pp. 490 – 505

Artikkel 3: Halvor Dannevig, Trude Rauken and Grete Hovelsrud.
Implementing adaptation to climate change at the local level. Local Environment
17(6-7), 2012, pp. 597 - 611.

Artikkel 4: Halvor Dannevig and Carlo Aall. The regional level as boundary organization? An analysis of climate change adaptation governance in Norway.
Environmental Science and Policy 54, pp. 168-175