Merete Lunde blir ny direktør ved Vestlandsforsking

Styret i Vestlandsforsking har tilsett Merete Lunde, Leikanger, som ny direktør ved Vestlandsforsking i Sogndal.

”Styret er svært nøgde med tilsettinga. Vi hadde mange godt kvalifiserte søkarar og er sikre på at vi med Merete Lunde får ein god leiar for Vestlandsforsking”, seier styreleiar Knut M.Olsen.

Merete Lunde er Dr. scient frå Universitetet for Miljø og Biovitenskap (UMB) og er i dag FoU-sjef ved Lerum Fabrikker AS i Sogndal. Ho har tidlegare vore Distriktssjef for Mattilsynet i Indre Sogn og Post-doc ved UMB. Merete Lunde har delteke i og leia fleire større FoU-prosjekt siste åra, m.a. eit EU-finansiert samarbeid.

Merete Lunde tek til i stillinga i november 2013.
”Eg ser fram til å ta del i spennande og utfordrande oppgåver ved Vestlandsforsking og vere med å utvikle instituttet vidare saman med dei tilsette og styret”, seier Merete Lunde.

Noverande direktør ved Vestlandsforsking Agnes Landstad tek til som dagleg leiar for Forskningsinstituttenes Fellesarena frå årsskiftet.

For meir informasjon, kontakt:
Styreleiar Knut M.Olsen, tlf 92 23 01 01
Merete Lunde, tlf 99 60 76 78