Mange uavklara ansvarsområde innan klimatilpassing

Vestlandsforsking avdekkar at det framleis er mange uavklara ansvarsområde innan klimatilpassing.

Ein studie innanfor prosjektet AREALKLIM og med eiga finansiering frå KS, viser at mykje har falle på plass dei seinare åra når det gjeld fordeling av ansvar mellom stat og kommune innan klimatilpassing.

NVE har for eksempel fått det nasjonale koordineringsansvaret når det gjeld kartlegging og sikring av skred, og kommunane har fått auka ansvar for tryggleik og beredskap. Det er utarbeidd fleire rettleiarar med råd om korleis kommunar og andre aktørar skal førebyggje og sikre seg mot naturskadar.

Likevel er det framleis mykje som ikkje er på plass. Det er ingen institusjon som har det nasjonale koordineringsansvaret for havnivåstiging eller for problemet med overvatn i byar og tettstadar. På lokalt nivå er det eit problem at ingen har ansvaret for å halde tilsyn med og vedlikehalde sikringstiltak mot naturskade (eks rasvoller). Det er spesielt mange uavklara spørsmål når det gjeld handtering av vatn ved ekstreme nedbørsmengder. Mange av tiltaka som er gjennomførde dei seinare åra og forslaga frå sentrale styresmakter til endringar i regelverket, har gitt kommunane eit større ansvar.

For meir informasjon kontakt Eli Heiberg - ehe@hisf.no