Kvalitetsvurdering av offentlege digitale tenester

Forskar Svein Ølnes har saman med professor Arild Jansen ved universitetet i Oslo skrive artikkelen "The nature of public e-services and their quality dimensions" som no er publisert av det velrenommerte tidsskriftet "Government Information Quarterly"

Artikkelen byggjer på mange års arbeid med kvalitetsvurdering av offentlege nettsider og -tenester på oppdrag frå, og i samarbeid med, Difi. Utgangspunktet er at omgrepet "e-services", eller digitale tenester, er dårleg forstått og at det hindrar oss i å føreta gode kvalitetsvurderingar. I artikkelen blir ei digital teneste sett under lupa for å finna kva element den er samansett av. Berre ved å isolera dei enkelte elementa kan vi formulera kvalitetskrav og slik nærma oss ei heilskapleg kvalitetsvurdering.

Artikkelen er publisert i GIQ vol. 33, nr. 4