Klimatilpassing og førebygging av naturskade - uproblematisk?

Innlegg på seminar om klimatilpassing.

På eit arbeidsseminar om rullering av klimatilpassingsdelen av Fylkesdelplan for klima i Hordaland, peika forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking på at dagens lovverk i utgangspunktet gjer det  uproblematisk å førebygge naturskadehendingar gjennom arealplanlegging.

Erfaringar frå historiske naturskadehendingar viser at mykje av skadane kunne vore unngått dersom ein hadde hatt  - og følgd - dagens regelverk i plan- og bygningslova. Problemet er imidlertid mangel på plankapasitet og kompetanse i mange småkommunar og lokale ønskje om å omgå faglege råd om korleis ein kan førebygge naturskadehendingar i arealplanlegginga.