Formålet med WIMS'11 er:
- å vera eit forum for etablerte forskarar og praktikarar for å presentera forsking i fremste rekkje innafor det tematiske området (state of the art)
- å gi doktorgradsstudentar høve til å presentera forskinga si for eit interessert og kunnskapsrikt publikum og slik få verdifulle tilbakemeldingar
- å skapa ein uformell møteplass for forskarar og praktikarar innan fagfeltet
WIMS'11 skal fremja formidling av det fremste innan forsking på fagfeltet for konferansen.
Konferansebidraga vil bli utgitt av Association for Computing Machinery (ACM). Utvalde artiklar frå WIMS'11 vil, etter revisjon, kunna bli offentliggjorde i andre tidsskrift.