Forskingsdagane i Sogndal 2014

Onsdag 24. september stiller forskarar frå Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norsk Bremuseum på Høgskulebygget for å fortelje om kva dei forskar på. Forskarar frå Vestlandsforsking snakkar om klimaendringar, klimafotavtrykk og bitcoin for dummies.

Det overordna temaet for Forskingsdagane 2014 er «kommunikasjon», og det blir formidling i mange ulike former. Vestlandsforsking er å høyre på to av dei: Forskarmaraton og Forskar-stand-up. Formatet er 10 minutt lange innlegg knytt til kommunikasjon.

Forskarmaraton
Vestlandsforsking står for to av dei til saman 11 innlegga i Forskarmaraton på Høgskulebygget onsdag, der målet er å formidle forskingsfunn og kunnskap i enkel og lettfatteleg form. I den første bolken, frå kl 13 til 14, skal Halvor Dannevig snakke om kommunikasjon av klimaendringar, medan  Eivind Brendehaug tek opp problemstillingar knytt til klimamerking av matvarer. Ordstyrar for denne timen, der også Deborah Davies frå Bremuseet og Tarald Seldal frå Høgskulen i Sogn og Fjordane deltek, er Idun A. Husabø. Forskarmaraton går av stabelen i klasserommet i 2. etasje på Høgskulebygget.

Stand-up-forsking
I trappa mellom 4. og 5. etasje i Høgskulebygget kan ein mellom anna høyre Svein Ølnes og Guttorm Flatabø ved Vestlandsforsking forklare sider ved den nettbaserte betalingsforma Bitcoin, som IT-forskarane har ønskje om å studere i framtidige forskingsprosjekt. Presentasjonen heiter «Bitcoin for dummies» og er kl 15:15.

For alle aldrar
I Høgskulebygget blir det òg kommunisert på andre måtar enn tradisjonelle innlegg. I foajeen i 2. etasje har Norsk Bremuseum ei interaktiv utstilling, og programmet byr på lesestund for barn, posterutstilling med forskarar som kan forklare og svare på spørsmål. I tillegg blir det høve til å ytre seg på onsdagens rundebordsdiskusjonar om så ulike tema som klimaendringar, arealplanlegging, tenestefolk og skikkavurderingar. Høgskulen arrangerer også tysdagsdebatt 23. september på Meieriet.

Detaljert program for arrangementa onsdag 24. september på Høgskulebygget:

Folder om forskingsdagane i Sogndal

Meir info om forskingsdagane

Sjå også Forskingsrådet sine sider.