Forskarseminar om å unngå å finne opp hjulet på nytt!

Vestlandsforsking arrangerte ei forskarsamling i Sogndal den 12. juni der vi inviterte tre framifrå forskarar til å komme med sine syn på korleis ein kan sikre at klimatilpassingsforskinga dreg betre nytte av teori og kunnskap frå andre og eldre forskingsområde, og på den måten hindrar at klimatilpassingsforskinga 'finn opp hjulet på nytt'.

Det var bidrag frå organisasjonsteori og organisasjonsforsking som var tema for seminaret. Sjå her for program og foredrag.

Program:

11.00 Velkomen, litt om seminaret. (ved Carlo Aall, forskingsleiar og Ingrid Sælensminde, forskar, Vestlandsforsking)
11.10 Oppsummering av den rådande teoretiske innretninga i forskinga om klimatilpassing (Kyrre Groven, Vestlandsforsking).
11.45 Lunsj i kantina på Fosshaugane campus
12.30 Om nytta av å kombinere organisasjonsteori med teoriar om tilpassing, konklusjonar frå prøveforelesing til PhD-grad i statsvitskap, UiO (Tor Håkon Inderberg, Fridtjof Nansens institutt)
13.15 Omgrepet tilpassing i organisasjonsteori (Eller tilpassing som organisasjonsstrategi?) (Oddbjørn Bukve, Høgskulen i Sogn og Fjordane).
14.00 Beinstrekk med moglegheiter for ei lita runde på Fosshaugane campus for dei som ønskjer det.
14.30 Innovasjon i offentleg planlegging (Per Kristen Mydske, statsvitskap UiO)
15.15 Erfaring frå tilpassingsarbeid i to norske kommunar og nytta av å sjå dette i lys av institusjonell teori (Ingrid Sælensminde, Vestlandsforsking)
15.45 Avslutning, oppsummering: Med utgangspunkt i det nye klimaforskingsprogrammet til Forskingsrådet, ser vi konturane av gode prosjektidear? (ved Carlo Aall).
16.20 Slutt

Introduksjon til seminaret
Forskinga på tilpassing til klimaendringar i politikk og forvaltning er framleis eit ungt felt som samlar forskarar frå ei rekkje akademiske disiplinar. Det at temaet er relativt nytt kan vere ei årsak til at klimatilpassingsforskinga framstår som sprikande og svakt teoretisk og metodisk forankra. Det å knytte tilpassingsforskinga sterkare til etablert, relevant teori og metode kan styrke feltet, og hindre at ein ”finn opp hjulet på nytt”. Det kan òg auke moglegheitene for å utveksle kunnskap med forskarar som jobbar med andre eller beslekta tema, og som gjer nytte av tilsvarande teori og metode.

Omgrepet ”tilpassing” synest også å bli nytta svært ulikt. I ”utsleppsdelen” av klimaforskinga er omgrepet ofte knytt til samfunnsøkonomisk teori. Der handlar det om å forstå korleis marknaden reagerer (”tilpassar seg”) avgifter. I det som ofte blir kalla ”tilpassingsdelen” av klimaforskinga er omgrepet brukt for å forklare korleis aktørane reagerer på eit endra klima. Ofte er omgrepet her snarare brukt normativt om korleis forskarane meiner at aktørane bør reagere, ut frå ein idé om at viss aktørane har nok kunnskapar om forventa klimaendringar og korleis dei kan råke samfunnet, vil dei kunne førebygge negative konsekvensar. Dette er ei føresetnad som òg kan diskuterast teoretisk.

Noko av det vi på klimagruppa hos Vestlandsforsking meiner tilpassingsforskinga kunne ha nytte av å bruke meir aktivt, er kunnskap frå organisasjonsforsking og institusjonell teori. Sameleis trur vi at klimatilpassing kan vere eit spennande tema å sjå meir på for forskarar på organisasjonar og institusjonar. Vidare – i tråd med at forskingsrådet no nyttar samleomgrepet ”klimaomstilling” om korleis samfunnet bør respondere med omsyn til både utsleppsreduksjonar og tilpassing til klimaendringar – ønskjer vi å utvikle ei teoretisk forståing av klimatilpassing som dekkjer begge dimensjonane i klimaomstilling. Vi ønskjer difor å ta initiativ til eit seminar der vi diskuterer bruken av organisasjonsforsking og institusjonell teori i forskinga på klimatilpassing. På kva måte kan desse forskingsfelta ha gjensidig nytte av kvarandre?