Forholdet mellom system, prosess og substans i planlegging

I siste nummer av tidsskriftet Plan viser forskar Eivind Brendehaug korleis endringar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (forvaltningssystemet) bidrog til endringar i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark i 2009, som i sin tur skapte eit vern med eit nytt innhald (substans) med løyve til å opprette eit kulturlandskapssenter inne i verneområdet.

Dei systemendringane Brendehaug viser til var at Fylkesmannen ved overgangen til 2000-talet sette seg som mål å bygge ned sektortenkinga og utvikle ein felles kultur mellom landbruks- og miljøvernavdelingane.

Eit verkemiddel for dette var gjennomføring av Naturbruksprosjektet, eit prosjekt som utvikla ein metodikk for å kombinere vern og næringsutvikling. I konklusjonen i artikkelen skriv Brendehaug at dei systemendringane som fekk snøballen til å rulle kom som følgje av ny innsikt i substansen, det faktum at utmarka og fjellområda hadde vore i langvarig bruk og at lokalsamfunna ønskte å vidareføre bruken – ein innsikt som kom gjennom konfliktane om vern på 1990-talet (og før det). Det viser at lokal mobilisering og motstand bidrog til ny innsikt hos vernestyresmaktene, til systemendringar og meir inkluderande prosessar som enda i ein verneplan med eit nytt innhald.

Eksemplet viser oss at den gamle drakampen mellom eit fokus på substans versus prosess i planlegging er lite fruktbart. Då mister ein merksemd for at systemet, i form av tradisjon/kultur, kompetanse og organisasjon, legg viktige rammar både for substansen og prosessen. Systemet er med på å forme forståinga av substansen (prinsipp og løysingar) i planlegging og utforming av planprosessen (deltaking og agenda).

Tidsskriftet plan kan tingast frå: http://www.idunn.no/ts/plan