Dårleg planlegging like stort problem som dårleg klima?

Direktoratet for samfunnssikkerheit i samarbeid med KS arrangerte torsdag 27. mars ein konferanse om klimatilpassing og kommunal planlegging med over 100 deltakarar.

På konferansen presenterte forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking funn frå prosjektet AREALKLIM. Aall la fram erfaringane frå analyser av 10 historiske naturskadehendingar på Vestlandet.

Hovudkonklusjonen er at "dårleg planlegging" - ikkje "dårleg vêr" - er den viktigaste årsaken til at skade oppsto i dei 10 studerte tilfella. Hadde dagens lovverk vore følgd ville mykje av skadane vore unngått. Analysen viser også at det er trong for auka kunnskap om korleis kartlegge og førebyggje  opp mot «nye risikoar» utløyst av klimaendringar, som sørpeskred, vassmetta jordskred, flaumskred, havnivåstigning og stormflo. Norske kommunar er ikkje rigga i dag til å handtere desse utfordringane.

Presentasjon av Carlo Aall: Naturskadehendingar – korleis brukar vi tidlegere hendingar til å planlegge for betre tilpassing til framtidige hendingar?