CenSES presenterer VF-forskar

CenSES presenterer Ole Inge Gjerald frå Vestlandsforsking denne månaden på si nettside.

Ole Inge er doktorgradsstipendiat og avhandlingsarbeidet hans har arbeidstittelen ”Renewable strategies? Implementing and commercializing new energy technologies”. Du kan lese meir om han og doktorgradsarbeidet hans på nettsida til CenSES.

CenSES presenterer også eit prosjekt som Vestlandsforsking har utført for NVE der ein har analysert mulege årsaker til at energibruken i norske hushaldningar har flata ut og halde seg omtrent stabil sidan 1990.

I tillegg ligg det no ute ein artikkel om forskar Parmita Saha og kollegane hennar ved Vestlandsforsking og på Høgskulen i Sogn og Fjordane som jaktar svar på kva utfordringar og barrierer nylisensierte kraftprodusentar møter i oppstartsfasen.