Besøk av stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, besøkte i dag Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking.

Sveinung Rotevatn fekk ei orientering både om Vestlandsforsking generelt og eksempel på forskingsområde og -prosjekt. Direktør Merete Lunde understreka kor viktig basisfinansieringa er for instituttet.

Rotevatn sa han fekk eit godt inntrykk av Vestlandsforsking og at det var nyttig å få kunnskap om korleis finansieringsordningar fungerer og slår ut. Det er også viktig å få tilbakemelding om kva ordningar som er viktige for å styrkja forskingsinstitutta.