Berekraft på dagsorden i arktisk samfunnsforsking

Halvor Dannevig frå Vestlandsforsking var med på å organisere tre sesjonar på ein stor konferanse i Canada i mai.

Konferansen, VIII International Congress on Arctic Social Sciences, vart arrangert i Prince George, B.C, Canada 22.-26. mai i år.

Tidlegare år har fokus i stor grad vore på korleis klimaendringar påverkar samfunn i Arktis. Dette fokuset har nå dreia meir over på generelle berekraftspørsmål og sosiale og økologiske konsekvensar av den auken vi ser i mineral- og petroleumsverksemder. Den andre Arctic Human Developement Report vart også lagt fram. Rapporten er finansiert av Arktisk Råd og gir oversikt over utviklinga for samfunn i Arktis på ei rekkje område.

Dannevig, H; Bay-Larsen, I; Keskitalo, C; van Oort, B. (2014) Assessing Adaptive Capacity to Changes in Ecosystem Services in Northern Regions in Norway and Sweden. Paper presented at the VIII International Congress of Arctic Social Sciences, Prince George, B.C., 22.-26.05.2014.

Dannevig, H.; Hovelsrud, G.K (2014) The Perceived Need to Adapt to Climate Change in a Natural Resource Dependent Community in Northern Norway. Paper presented at the VIII International Congress of Arctic Social Sciences, Prince George, B.C., 22.-26.05.2014.

Pearce, T.; Dannevig, H.; Hovelsrud, G.K (2014) Adaptation to Climate Change Across the Circumpolar North. Paper presented at the VIII International Congress of Arctic Social Sciences, Prince George, B.C., 22.-26.05.2014.