Miljøforskinga tar utgangspunkt i omgrepet berekraftig utvikling. Det gjeld spørsmålet om korleis ein kan forstå omgrepet, korleis ein kan nytte omgrepet som grunnlag for å evaluere privat og offentlig verksemd, korleis omgrepet kan danne utgangspunkt for ulike former for utviklingsprosessar og kva implikasjonar det kan ha for den enkelte om samfunnet skulle følgje målet om ei berekraftig utvikling. Fleire av prosjekta har tatt utgangspunkt i dei spesielle utfordringane berekraftmålet medfører for distrikts-Norge. Gruppa har gjennom fleire år samarbeidd med Senter for miljø og utvikling Universitetet i Oslo (tidlegare ProSus).

Transport og miljø er eit fagleg spissområde. Det vert arbeidd både med metodeutvikling og konkrete analysar av energi- og miljøkarakteristika for ulike transportmiddel. Området omfattar også grunnleggjande forsking kring forholdet mellom mobilitet og berekraftig utvikling og forsking og utvikling innafor alternative drivstoff. Gruppa har også strategisk instituttprogram om bruken av hydrogen som energiberar i transportsektoren. Viktige samarbeidspartnarar på dette området er Norsk Hydro, Oslo Sporveier, Norsk teknisk naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Aalborg.

Eit tredje spissområde er kommunal miljøpolitikk der fokus heile tida har vore på utfordringane som knyter seg til målet om ei berekraftig utvikling og Lokal Agenda 21. Til forskingsområdet har det vore knytt eit strategisk instituttprogram. I dei siste åra har klimapolitikk og klimatilpassing blitt knytt til forskingsområdet. Det er også gjennomført fleire prosjekt som gjeld indikatorutvikling; mellom anna har Vestlandsforsking utvikla eit indikatorbasert styringssystem for berekraftig utvikling i kommunane på oppdrag frå KS og Vestlandsforsking har introdusert økologisk fotavtrykk som analyseverktøy i Norge. Viktige samarbeidspartnarar hor vore Miljøverndepartementet, KS, ProSus og Senter for klimaforsking ved Universitetet i Oslo (CICERO).

Med bakgrunn i dei tre hovudområda har det dei siste åra vakse fram fleire underordna forskingsområde ved gruppa: Analyseverktøy og indikatorar, berekraftig reiseliv og geoturisme, industriell økologi, og økologisk landbruk og lokal mat.

Jostedalsseminaret - eit årleg Vestlandsforskingsseminar om berekraftig utvikling


Kontaktpersonar

Carlo Aall

Forskingsleiar

991 27 222

carlo.aall@vestforsk.no

Publikasjonar

Prosjekt