Forskingssenter for reiseliv

Senteret skal styrke kunnskapen om meir aktiv bruk av natur- og kulturressursar som grunnlag for auka verdiskaping i norsk reiseliv og korleis samstundes gjere reiselivsnæringa meir berekraftig. Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane står bak etableringa av senteret.

Mål og kompetanseområde
Senteret skal vere eit nasjonalt og internasjonalt spisskompetansemiljø for forsking og utviklingsarbeid innan reiseliv.  Omgrep som økoturisme , berekraftig reiseliv og verdiskaping vil stå sentralt i arbeidet.

Advisory board

Spissområda ved senteret er:

  • berekraftig reiseliv
  • reiseliv og klimautfordringar
  • verdiskaping og konkurransekraft
  • marknadskunnskap og -trendar
  • natur- og kulturbasert opplevingsturisme
  • bygdeturisme
  • destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging - lokal medverknad
  • reiselivspolitikk og næringsorganisering
  • informasjonsteknologi og reiseliv

Reiseliv og miljø er forstått både som ressursgrunnlag for (det miljøbaserte reiselivet) og konsekvens av reiselivet (det miljøtilpassa reiselivet). Sentralt i den første tilnærminga er forsking på den type reiseliv som går under nemningar som bygdeturisme, nasjonalparkturisme og økoturisme. Lokal og økologisk mat som viktig innsatsfaktor er eitt av områda vi har arbeidd særleg med. Sentralt i den andre tilnærminga er omgrepet berekraftig reiseliv. Her er energibruk og miljø- og klimautfordringar knytt til sjølve reisa det området der vi har arbeidd mest, men vi har også arbeidd med miljøstyring og andre tilnærmingar til det å redusere miljøproblema knytt til dei stadfaste aktivitetane (overnatting, servering, oppleving).

Innanfor reiseliv og informasjonsteknologi arbeider vi i stor grad med betre og meir synlege nettsider for reiselivet. Marknadsføring av reiselivstenester handlar i stadig større grad om marknadføring på nettet, og for å bli synleg på nettet må ein bli funnen og prioritert av søkemotorane. Det er eit omfattande arbeid som startar med ein god informasjonsstruktur og som også omfattar samanbinding av nett-tenester på ein måte som gir ein god presentasjon av eit heilt område. Indikatorar for gode reislivsbaserte nett-tenester er også eit viktig område.

Som ein del av prosjektet Sustainable destination 2015 har det i åra 2008 - 2010 vore arrangert ein konferanse om berekraftig reiseliv i Balestrand.  Oppsummering og foredrag frå desse to konferansane finn de her:

Balestrand Summit 2008

Balestrand Summit 2009

Balestrand Summit 2010

 

 

 




Kontaktpersonar

Stefan Gössling

Forskingskoordinator

+46 70 49 22 634

stefan.gossling@vestforsk.no

Carlo Aall

Forskingsleiar

991 27 222

carlo.aall@vestforsk.no

Publikasjonar

Prosjekt