Notat
Id:
2004-15

Dette notatet handlar om ei brukarundersøking som vart utført i samband med ei spesifikk regional reiselivsteneste: Sognefjord.no.
Ein viktig del av prosjektet har vore å gjennomføre intervju og brukartesting med turistar. Intervjua og brukartestane har blitt gjennomført på hotella i Hotell-gruppa og på turistinformasjonane i området. Totalt har det vore gjennomført 67 spørjeskjemaintervju og 30 brukartestar.

Tilbakemeldingane frå brukarane var positive. Dei likte design, den lette navigasjonen, det rimeleg fyldige innhaldet og fråver av reklame. Brukartestane har også avdekka svakheiter som alt er utbetra, i tillegg til større spørsmål som må løysast.

Eit resultat av undersøkinga er og at det blei levert ei detaljert systematisert oversikt over ofte stilte spørsmål frå ein turistinformasjon, og systematisering av type spørsmål, frekvens og nasjonalitet på ein annan. Ikkje minst viktig for nytten av dette er det at begge disse listene var satt opp med tanke på menyinndelinga i Sognefjord.no