Moglegheiter i H2020 - Prosjektverkstad om energi, klima og transport

"fjord og ferje"
Foto: Zuzana Nordeng

EU-nettverk for Sogn og Fjordane inviterer til Horisont 2020 prosjektverkstad torsdag 26. oktober på Kaupanger. Forskningsrådet deltek med tre rådgjevarar og du møter Segel AS, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.

Aktuelt

Horisont 2020 er EU sitt forsking- og innovasjonsprogram. Programmet har eit budsjett på 80 milliardar euro for perioden 2014-2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte.

Det er det nystarta EU-nettverket for Sogn og Fjordane som inviterer til samlinga, og du er velkommen til å bli ein del av nettverket. Tema for prosjektverkstaden er energi, klima og transport.

EU-nettverk for Sogn og Fjordane ønskjer å legge til rette for at næringsliv, offentlege etatar og FoU-institusjonar i regionen kan finne saman om nye prosjekt som kan utløyse forskings- og innovasjonsmidlar frå EU.

Du vil mellom anna møte:

Janicke Anne Giæver, Verena Hachmann og Maan Singh Sidhu, Forskningsrådet. Dei vil informere om korleis Horisont 2020 bidreg til internasjonalt samarbeid om energi, klima og transport, og om relevante moglegheiter for Sogn og Fjordane i neste arbeidsprogram for 2018-2020.

Trond Haavik, Segel AS vil gi tips om korleis finne fram til aktuelle FoU-aktørar og finansieringsordningar, og orientere om EU-prosjektet COHERENO (Collaboration for housing nearly zero-energy renovation) om energieffektivisering og oppgradering av bustader.

Valeria Jana Schwanitz, Høgskulen på Vestlandet vil snakke om hennar erfaring med vurdering av H2020 prosjektsøknader og gi tips til skriving av prosjektsøknadar, om samarbeid med EERA (European Energy Research Alliance) og om moglegheiter for nye prosjektsamarbeid som kan føre til lågare regionale COutslepp.

Carlo Aall, Vestlandsforsking, vil orientere om forskingsområde og prosjekt ved Vestlandsforsking som er relevante for nye samarbeid om energi, klima og transport i H2020.

 Otto Andersen, Vestlandsforsking vil orientere om eit nytt H2020 prosjekt: ENABLING (Enhance New Approaches in BioBased Local Innovation) om bioøkonomi, og gi tips til korleis utvikle prosjektsøknadar, etablere nettverk og involvere sluttbrukarar.

På verkstaden vil vi bli betre kjend med kvarandre, høyre om moglegheiter i H2020, lære av andre sin erfaringar, og arbeide med prosjektidear. Målet er at vi saman kan utvikle ideane til solide prosjektsøknadar som kan utløyse forsking- og innovasjonsstøtte frå EU.

Det er Forskningsrådet som har gitt støtte til etableringa av EU-nettverk for Sogn og Fjordane. Målet med det nye nettverket er at forskarar, offentlege etatar og næringslivet i fylket saman skal bli betre rusta til å delta i Horisont 2020.

Bli gjerne med i nettverket – treff gamle og nye kjende! Velkommen!

Tid: 26. oktober kl. 09.00 - 15.00

Stad: Knaken Kafe og kulturformidling, Kaupanger

Seminaret er gratis. Det vil bli servert lunsj.

Påmelding her eller pr. e-post til zno@vestforsk.no innan 20. oktober 2017

Program

Invitasjon