Fjordkonferansen 20. - 21. juni 2017 i Loen

Bokomslag Fjordantologien
Antologien frå Fjordkonferansen i 2016

Fjordkonferansen 2017 trekkjer linjer mellom det regionale og det internasjonale. Vestlandsforsking stiller med fire innlegg om e-helse, dataspel, velferdsteknologi og IT og kjønn.

Aktuelt

Fjordkonferansen samlar fagpersonar frå høgskular, forskingsinstitutt, næringslivet og det offentlege i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til faglege presentasjonar og diskusjon. Tanken med konferansen har, sidan starten for fem år sidan, vore å medverke til publisering av forskarane sitt arbeid ved å skape ein møteplass for læring og utvikling av samarbeid.

E-helse, dataspel, velferdsteknologi og IT & kjønn

Årets konferanse i Loen går føre seg 20.-21. juni, og frå Vestlandsforsking deltek forskarane Marit Haugan Hove, Carol Azungi Dralega, Hilde G. Corneliussen og Øyvind Heimset Larsen. Hovudtemaet dette året er «Det regionale i det internasjonale». Valet av tema opnar for mange perspektiv på korleis regionale forhold vert påverka av, eller spelar saman med internasjonale forhold.

Vestlandsforsking står for desse fire innlegga:

  • Regionalt forum løftar det internasjonale e-helseområdet i Sogn og Fjordane (Hilde G. Corneliussen og Øyvind Heimset Larsen)
  • Dataspill som møtepunkt for det lokale og det globale: identitets-konstruksjoner i spill-kontekster blant ikke-vestlig ungdom i Norge (Carol Azungi Dralega og Hilde G. Corneliussen)
  • Velferdsteknologi i lys av regionale erfaringar, nasjonale tilrådingar og internasjonale trendar (Marit Haugan Hove og Hilde G. Corneliussen)
  • The Still Shrinking Pipeline in Computing – Even in Norway (Hilde G. Corneliussen og Radhika Gajjala)

Gir ut «Fjordantologien»

Opplegget for mykje av Fjordkonferansen er at forskarane legg fram arbeid dei held på med og får tilbakemeldingar og spørsmål frå andre deltakarar. Dette føregår i parallellsesjonar som kjem i tillegg til fellesprogrammet. Etter kvar konferanse blir utvalde innlegg gjevne ut i bokform («Fjordantologien»). Skribentane får rettleiing frå erfarne forskarar undervegs.

Representerte i styringsgruppa

Arrangørane sin hovudsamarbeidspartnar for Fjordkonferansen er Sparebanken Møre. I tillegg får konferansen støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen. Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking er medlem av styringsgruppa for Fjordkonferansen.

Her er lenke til meir informasjon om konferansen og program: http://fjordkonferansen.no/